Om verket Vandring
Vi går og går. Mot kvarandre eller frå kvarandre. Vi har alltid vandra, for å finne mat og nytt land, på flukt eller leit, tiår med ørkenvandring eller ei tung dørstokkmil. Vi er oskeladden med opne auge for alt som ligg langs vegen, eller felttog med eitt mål for auget. På 1800-talet vandra ein kar omkring i Noreg og sanka språk. For tusenvis av år sidan tok eit menneske det første steget på det som i dag blir kalla norsk jord. Vi tek eit steg mot eit anna menneske for å gi eit kjærteikn, millionar er på flukt, og over oss alle flyg vandrefalken.
Slik set diktar Sigmund Løvåsen ord på kva han har undersøkt i tekstane sine, og med dette grunnlaget har musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli funne mange musikalske skjeringspunkt. Musikken er eit grenselaust språk, og sjølv om instrumentasjonen er hardingfele og akkordeon, så kan ein høyre musikalsk inspirasjon frå både aust og vest i dette verket. Og når Apneseth klimprar på to feler samtidig, går tankane kanskje til ein vestafrikansk kora, kanskje til ei irsk harpe. Assosiasjonane kan vere mange, og opne for mange tolkingar. Tradisjon og nyskaping har gått hand i hand gjennom virket til begge musikarane gjennom fleire år. I samspelet med tekst tek musikken til tider ei reflekterande og lyttande rolle. Andre stader kan musikken bryte laus i villskap og overdøyve poeten fullstendig.
Diktar i samspel
Lyrikken og musikken blir skapt i samspel, og vi ventar ei heilt unik oppleving på Fana folkehøgskule.