Back to All Events

Teatertur: Amadeus på Det vestnorske teateret

  • Det vestnorske teateret 6 Øvre Ole Bulls plass Bergen, Vestland, 5012 Norway (map)

Teaterstykket Amadeus tek utgangspunkt i eit rykte som har vore levande sidan tidleg på 1800-talet: At Mozart vart myrda av komponisten Salieri (!) 

I Peter Shaffers fantastiske manus møter vi Salieri dagen han skal døy. Samvitet og angeren riv i han: Han drepte Mozart! Den djupt religiøse Salieri kan ikkje forstå kva Gud ville då han lot han møte den geniale, men samstundes riv hakkande gale, plumpe og barnlege Mozart. For kvifor har Gud gitt Mozart gåva å lage gudommeleg musikk, og ikkje han?

Når Det Vestnorske Teateret no bringer den klassiske musikken tilbake til vår unike hovudscene, så kan du vente deg flotte kostyme, og stor skodespelarkunst frå eit kruttsterkt ensemble, med Heddapris-vinnarane Torbjørn Eriksen og Svein Harry Schöttker-Hauge i rollene som Mozart og Salieri.

Bak det heile ligg den geniale og ubeskrivelege musikken til Wolfgang Amadeus Mozart. 

I vår versjon av Amadeus vil den danske musikaren Klaus Risager lydleggje nærast heile framsyninga på sitt spesialbygde piano; tru oss - du har aldri sett eller høyrt maken! 

Amadeus blir stadig vekk spelt på teater i ulike delar av verda og er blitt ein klassikar på høgde med dei mest kjende teaterstykka. Mange har også gode minner frå filmen som kom ut i 1984. 

Praktisk informasjon

Dette er en obligatorisk teatertur. Vi setter opp buss til og fra skolen.

Earlier Event: September 10
Åpning av Gamlebygget
Later Event: September 15
Raptus (eksternt arrangement)