"Festen" er i utgangspunktet ein dogmefilm frå 1998 av Thomas Vinterberg, som har blitt gjort om til teater. Det er både ein komedie, og eit rystande og svært godt skrive drama.
Vi ser frem til et gjestespill på skolen med elever fra Sunnhordland folkehøgskule. Rundt 40 elever kommer til skolen for å sette opp årets store forestilling “Festen”.
Handlingen i stykket
Vi blir kjent med ein familie på patriarken Helges 60årsdag, som blir feira på familiens hotell. Helge har ei kone og tre vaksne barn - han hadde fire, men yngste dottera døydde nylig.
Det blir lagt opp til ei skikkelig stor bursdagsfeiring, og masse festligheter. Men alt endrar seg når yngste sønn Christian dunkar på glaset og skal halde tale. Han har forberedt ein sjokkerande tale der han konfronterer faren med fortida, og overgrep som Helge utsette Christian og tvillingsøstera for då dei var små. Hans stunt blir ikkje så godt mottatt av forsamlinga, og vidare i stykket ser vi korleis dei ulike rollane forheld seg til situasjonen, korleis konflikten eskalerer, og slutten… skal vi ikkje røpe.
En liten advarsel
Dette er eit stykke som krev ein liten triggerwarning for alle som skal sjå på. (Ikkje berre handlar det om overgrepsutsatte Christian, det inneheld også rasistiske (eller muligens homofobiske) uttrykk mot ein av karakterane. Men eg vil understreke at dette er eit stykke som heier på underdogen. Vi meiner at alle som har gjennomlevd nokre traumer vil tåle å sjå forestillinga, men det er viktig at dei veit på forhånd kva det handlar om. Manuset er skrive sånn at vi heier heile tida på Christian, han er helten i stykket, har gode hjelparar, og blir godt ivaretatt.
God underholdning
Dette er eit stykke med fantastiske karakterar, med kvar sine mål og personlegheiter. Det er også mykje komikk, og sjølv om tematikken er til tider sjokkerande, får vi mykje "comic relief".
I Helges 60-årsdag er det sjølvsagt innleigde musikarar, så det blir også mykje livemusikk i denne forestillinga.