«Analog foto»-workshop med Øyvind Hjelmen

Analog foto workshop med Øyvind Hjelmen på Fana folkehøgskule

Frå mandag til og med onsdag fekk «Analog foto» besøk av kunstfotografen Øyvind Hjelmen, som kom for å halde ein tre-dagers fotografi-workshop.  

Øyvind Hjelmen er ein anerkjent fotokunstnar som har gjeve ut ei rekke bøker, og har stilt ut fotografia sine i ei rekke land. Sist i Paris hausten 2021. At Øyvind holder workshop på Fana er nærast som ein tradisjon å rekne – i år var 9. gongen han var her for å dele av sin kunnskap. 

Analog foto workshop med Øyvind Hjelmen på Fana folkehøgskule

Elevane får tilbakemelding på eigne bilete.

Travle dagar for elevane

Det var duka for tre hektiske og lange dagar med mange inspirerande foredrag og filmframkalling langt ut i nattetimane. Det var ikkje unormalt å møte klassekameratar i mørkerommet kl 05. 

I ein tre-dagers workshop er det korte deadlines og det skal fotograferast kvar dag, med frist for levering av negativer til gjennomgang kl. 08:30 på morgonen. Oppgåva elevane fekk av Hjelmen var «Sjølvprosjekt», så elevane jobba både med sjølvportrett og med anna tematikk som stod dei nær.  

Resultatet vart eit stort antal veldig spanande og gode fotografi, og som lærar var det veldig kjekt å sjå «trøkket» og energien i elevane når dei fekk så korte fristar. Eg trur også elevane var overraska over kva dei fekk til på så kort tid. 

Analog foto workshop med Øyvind Hjelmen på Fana folkehøgskule

Ikke unormalt å møte klassekamerater i mørkerommet seint på kvelden.

Analog foto workshop med Øyvind Hjelmen på Fana folkehøgskule

Lange dagar med korte deadlines.

Tilbake til kvardagen

Torsdag var det tilbake til «kvardagen», og elevane på Analog foto jobbar no med portrettfotografering, og har som mål å portrettere alle elevane på skulen og lage bilete til ei utstilling på familiedagen den 19. februar. 

Analog fotoTore Haltli